top of page
Velkommen til å bu på GARDEN

 

Olavstøga er eit toetasjes tømmerhus frå 1840. Vi har brukt eit godt halvår på å rennovere heile huset innvendig. Her finn du alle moderne fasilitetar, men alt i gamal stil, så du får god, gamaldags atmosfære i dette gamle, erverdige huset. Ute er det ein stor veranda med spiseplass. Nydeleg utsikt over vatnet Vangsmjøsa og fjella rundt - her kan du finne roen!

Garden vår ligg like ved Kongevegen over Filefjell Vi er ein del av bedriftene som tilbyr overnatting langs denne populære og spektakulære vandrevegen. 

Vang i Valdres er ei perle for deg som er glad i natur og aktivitetar. Vinterstid kan du velje i kilometervis med skiløyper, alpinanlegg og toppturar. Sumarstid er det vandrevegar, fjellturar, sykkelvegar- og stigar. Året rundt er det ei rekkje aktivitetstilbydarar i området. Valdres byr også på eit variert og rikt kultur- og festivaltilbod.
Her finn du alt frå barnevenlege nærturar til krevjande toppturar.

Olavstøga er eitt av tre bustadhus heime på garden. Vi har mjølkekyr i eit samdriftsfjøs ca 500 m frå tunet, og sumarstid har vi griser. Garden ligg i Vang sentrum. 1 km til Coop Prix, hytte- og interiørbutikk, badstue, badeplass, kommunal aktivitetspark og bibliotek. 2,5 km til kafe og bensinstasjon. 20 minutt til Tyinkrysset fjellstue med lokalmatservering.

Booking

Bestill superenkelt via AirBnB på datoane du ynskjer, og få bekrefta di bestilling med det same!

Du kan også sende oss ein e-post dersom det er enklare for deg. 

 

Huset består av inngang, kjøkken, to stoger, to soverom og eit bad. Alt er gjort etter gamal stil, så her finn du lune fargar, vedkomfyr, heimesmidde spiker i veggen, tregolv, hekla gardiner og gamle ting. Men det er alt du treng for eit lettvint opphald: oppvaskmaskin, komfyr, kaffetrakter, kjøleskåp, frysar, wifi, dusj, vaskemaskin, toalett, servant. 

 

pris for heile huset: 

  • frå kr 1650,- pr natt, inntil 5 personar 

  • reingjeringsgebyr kr 850,-

  • kjøkken, to støger, gang, bad og to soverom

  • 1 dobbeltseng, 1 dobbeltseng med enkeltseng inntil (passar for eit vaksent par, eller tre born og ungdommar)

  • babyseng og barnestol tilgjengeleg

inkludert i prisen:

  • sengetøy og handkle

  • ved, stearinlys, tennbrikketter, fyrstikker

  • såpe, glasshåndkle, oppvaskutstyr, klut

  • kjøkkenpapir, dopapir

  • brettspel, kortstokk, yatzy, nokre barnebøker og leiker 

  • tøfler 

  • pledd

du må ta med:

  • klede tilpassa sesongen, vindtett er alltid lurt

  • alt du ynskjer å ete og drikke

bottom of page