LEV MEIR
 

Ein ferie der du tek tilbake tida. 

Hjå oss går tida litt saktare. For mange opplevast stølen som ei reise i tid. Bakover i tid. 

Du kjenner ro og at fokus vender seg til det som verkeleg er viktig for deg. Dei du har rundt deg. Naturen rundt deg. Dyra rundt deg. Fråver av stress og mas. Det er enkelt, og befriande. 

 

Tid. Er det ikkje det vi alle vil ha? 
Tid til deg. Tid til dine. Tid til å prate. Tid til å lage mat. Tid til å gå tur. Tid til å nyte. 

 

Hjå oss kan du få ta del i ein ekte, varm og tradisjonsrik kvardag. Gards- og stølslivet er rikt på kultur og tradisjon, moderne dyrehald og friluftsliv. 

 

Vi er langt unna tilrettelegging og masseturisme. Hjå oss er det hjarterom som gjeld. Og ekte opplevingar. Slik at du kjenner at du lever meir.

  • Black Facebook Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Instagram Icon

© 2018 Ellingbø Gard. Proudly created with Wix.com

Grindafjellet