top of page
Gode tradisjonar

Å la borna ta del i tradisjonar og arbeid, er kanskje noko av det mest meiningsfylte vi gjer.

mjølking.jpg

støling

Som generasjonane før oss, reiser vi på stølen kvar sumar - ein tradisjon vi er stolt av å føre vidare!

​

Her er vi i seks veker, og kyrne blir mjølka morgon og kveld. I gamledagar laga ein ost, smør og rumme på stølen.

 

I dag hentar mjølkebilen  frå Tine mjølka tre gonger i veka, og er eit populært innslag i moderne stølsdrift. 

​

På 1960-talet var det ca 50 stølar i drift på Helin. I dag er vi tre att.

 

Støling er ei driftsform som har fått auka oppmerksemd dei siste åra. Det er til og med mogleg at støling kjem på Unesco si verdsarvsliste!

​

​

IMG_0295.JPG

ureist mat

Rein mat er viktig. Dyr som har det godt gir oss god mat. Så enkelt og så viktig. 

​

Med det gode fjellbeitet blir mjølka ekstra rik på næringsstoff og smak. Vi nyttar ho til drikke og matlaging. 

​

Sumarstid har vi også grisar. Grisen er eit sosialt og triveleg dyr, som slettes ikkje griser! Sjølv om det er vemodig å slakte dei, er det godt å vite at ribba ein et til jul ,har hatt eit godt liv. 

​

På stabburet heng vi kvar vår opp kurv (spekepølse) og skinke til speking. Ved at ho heng luftig og fint, blir smaken ekstra god. 

​

Vi set potet, går på elgjakt, fiskar og er glade i å plukke bær og sopp. Slik har vi mest mogleg ureist mat.  

buføring.jpg

buføring

Dette er eit artig ord, synes vi. Synes du? Det betyr å føre buskapen. Altså å gå med dyr frå ein plass til ein annan. 

​

I gamledagar gjekk dei med kyr til sumarbeitet, men i dag driv vi i samdrift og tek med berre nokre kyr til fjells.

​

Kyrne er sosiale flokkdyr, og vil ikkje skiljast frå flokken sin. Difor køyrer vi dei på stølen. Her slår deg seg raskt til ro og nyt det gode livet på fjellet. 

​

Når vi skal heimatt, går vi med kyrne langs stølsvegen. Det er ein fin tur på ein god time, og ei fin avslutning på ein lang sumar på stølen. 

​

Vi tek deg gjerne med på buføring!

​

bottom of page