top of page

​

Her finn du svar på ein del av dei vanlegaste spørsmåla vi får. 

Finn du ikkje det du leitar etter, sender du oss ei melding - vi gleder oss til å høyre frå deg!

​

Avstandar
Vi er berre 3,5 timar frå Oslo og under 4 timar frå Bergen. 
Set du deg i bilen kl 9, er du altså framme til det er på tide med lunsj. Det er verdt turen.
Den vakre Kongevegen over Filefjell går rett forbi garden, og 30 min med bil opp til Filefjell. Skal du vidare for å gå i Jotunheimen, er Tyin ca 30 min unna, Beitostølen 45 min. 

​

Ankomst

Til gards: 1,5 km frå E16. 

Til fjells: Det er desidert enklast å kome med bil, då køyrer du sumarstid heilt fram til hytta, og vinterstid til vinterparkeringa. Bommen kostar kr 80,- og tek kort. Vinterstid er det avgift for parkering pr døgn. Vi hjelper med bestilling av scootertransport, dersom ynskjeleg. 

​

Du kan også kome med buss, og avtale med oss at vi hentar deg på busshaldeplassen i Vang. For rutetider, sjå Nor-Way, haldeplassen her er "Grindaheim (Vang)".

​

Båt (stølen)

Du får låne båt av oss om vi sjølve er til stades, om du er vant til å bruke båt og brukar redningsvest. Grunneigarlaget har også båt til utleige. Spør oss, så hjelper vi deg.

​

Butikk

Coop Prix i Vang er næraste matbutikk, og har desse åpningstidene.

​

Fiske

På garden: Du får kjøpt fiskekort for Vangsmjøsa på matbutikken, og på inatur.no

På stølen:  Du får kjøpt fiskekort med kontanter eller sms i fiskekassa, ca 800m frå hytta. Då kan du fiske med stang og oter, frå land og frå båt. Ynskjer du å leige båt; sjå "båt". 

Både i Vangsmjøsa og i Helin er det ørret, og det er populære fiskevatn, godt kultiverte vatn, og fisk på rundt halvkiloen og oppover. 

​

Drikkevatn

På garden: veldig godt vatn frå eiga kjelde. 
På stølen: vanleg fjellvatn frå bekk, og dette smakar heilt nydeleg. Det kan innehalde litt rusk, men for dei aller, aller fleste går det heilt fint. Om du vil, kan du koke vatnet og kjøle det ned før du drikk det. 

​

Lyskjelder

På stølen: stearinlys og batterilykter er tingen, og skapar akkurat den stemninga du skal ha til fjells! Det er rikeleg med lys og batteri på hytta. Men ta gjerne med hovudlykt!
På garden er det innlagt straum. 

​

Matlaging
På garden: fullt utstyrt kjøkken, med koketopp og komfyr, og også ein vedkomfyr. På verandaen er det ein gassgrill. 
På stølen: her lagar du maten på gassbluss eller bålpanna. Både gass og ved er på hytta. 

​

Sykkelleige

Ta kontakt med oss om du ynskjer å leige sykkel, så hjelper vi deg.

​

Skileige

Ta kontakt med oss om du ynskjer å leige skiutstyr, så hjelper vi deg. 

​

Skiløyper for langrenn

Områda i Vang byr på flotte skiløyper og dei næraste er Grindafjell ski (10 minutt med bil) og Åsvang og Slettefjell (15 minut med bil). 

​

Alpint

Her er info om alpinbakkane på Tyin/Filefjell.

​

Fann du ikkje det du leita etter? Send oss ei melding - vi gleder oss til å høyre frå deg!

​

​

​

bottom of page