top of page

Personvernerklæring og informasjonskapslar

1.    Om Ellingbø gard
‍Ellingbø gard er merkevarenamnet for til enkeltpersonføretaket Eivind Magnus Ellingbø, og dekker vår verksemd som tilbyder av gards- og stølsturisme, og svinekjøtt. Dette enkeltpersonføretaket eig denne nettsida. 

Adresse: Ellingbøvegen 107, 2975 Vang i Valdres 
Telefon: 92694609, 97196998
e-post: post[at]ellingbogard.com 
org.nr. 897905132


2.    Føremålet med innsamling og handsaming av personopplysningar
‍I samband med utleige av overnatting på garden og stølen, og bestillingar av svinekjøtt frå vår eiga varemerke Solskinnsgris, må vi hente inn personopplysningar som namn, adresse, telefonnummer og anna naudsynt informasjon knytt til kundetilhøvet og opphaldet, og desse opplysningane får vi av deg. 
Du har rett til innsyn og sletting av dei opplysningane som er lagra om deg. Etter avslutta opphald eller kundeforhold vil vi ta vare på kundedata så lenge vi ser det føremålstenleg, til dømes for å gjere seinare bestillingar enklare for deg som kunde. Utlevering av personopplysningar skjer kunn ved lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

​

3.    Kunderegister og bookingsystem
Kunderegisteret vårt inneheld opplysningar om kunden som navn, adresse, telefon og anna relevant informasjon som kontaktpersonar, bestilling og/ eller siste besøk, bestilt kjøtt og avtalt hentestad. 
Dette er informasjon som er relevant for drifta vår og for å sikre at opphaldet ditt skal bli som forventa og i tråd med di bestilling. Ynskjer du oversikt over kva vi har lagra eller at all informasjon skal slettast, er det berre å ta kontakt med oss. 
Vi lagrar ikkje meir detaljar enn naudsynt, og ikkje lenger enn naudsynt.

Vi har ikkje eige online bookingsystem. Bestilling av overnatting og svinekjøtt som blir gjort direkte til oss via telefon, e-post eller via kontaktskjema på vår heimeside, føres i Excel. Overnatting kan bestillast online gjennom AirBnB, Booking.com og Companyon. Då gjeld desse leverandørane sine personvernerklæringar. 
Opplysningane du gir oss blir berre brukt i samband med ditt opphald/ di bestilling. Vi sender ikkje ut nyheitsbrev eller marknadsføring via e-post. 
 

4.    Informasjonskapslar
Vår heimeside nyttar ikkje informasjonskapslar. Vi har via vår heimesideleverandør Wix.com tilgang til generelle rapportar om trafikk på våre nettsider, men har ikkje tilgang til detaljert, personleg eller sensitiv informasjon om dei som besøker våre nettsider.
‍‍Facebook og Instagram samlar informasjon om besøkande på ulike sider for å tilpasse både reklame og anna informasjon. Vi har tilgang til disse sidene sine data rundt bruk/besøk av vår Facebook- og Instagramside. Her gjeld Meta sine personvernreglar. 

​

5.    Innsyn, retting, sletting, klage
Etter personvernloven §18, har du som privatperson krav til innsyn i dei opplysningane som er registrert om deg. Innsyn får du ved å sende oss ein e-post: post@ellingbogard.com. Ynskjer du at vi retter eller sletter data om deg, ta kontakt på e-post. 

Vi voner du vil seie i frå om du meiner vi ikkje overheld reglane i personopplysningslova. Sei då direkte i frå til oss via telefon, e-post eller kontaktskjema. Du kan også klage over vår handsaming av personopplysningar. Dette gjer du til Datatilsynet.

bottom of page