top of page
solskinnsgris frå helin

 

Bestilling Solskinnsgris 

Tusen takk for bestillinga! Vi gleder oss til å levere Solskinnsgris til deg hausten 2024!

Solskinnsgrisene frå Ellingbø Gard går frå juni til september på det frodige stølsbeitet vårt på 900 moh. Stølsbeitet har vore nytta i fleire generasjonar til mjølkekyr, og er svært rikt på urter og næringsstoff. Her er det frodig grasbeite, røter, sopp, lyng og vier, som er godsaker for grisen å ete. Det er myr og søle å rulle seg i, gapahuk å sove i og lun bjørkeskog å kose seg i. Grisene kan springe rundt og rote i jorda, noko grisen treng for å vere lykkeleg. 

​

Grisene går fritt på eit stort område, slik at dei har svært god boltreplass. Gjennom sumaren går dei ei periode saman med ti-tolv mjølkekyr og deretter rundt tjue kviger. Dette set grisen stor pris på, då grisen er eit sosialt dyr.

​

Vi bur sjølv på stølen gjennom sumaren med mjølkekyr, og har då mykje tilsyn og kontakt med grisane. Roper vi på dei, kjem dei springande, spente på om det er noko kos å få. Derfor er våre griser sosiale, friske og veldig glade griser, med krøll på rova, noko som er eit teikn på at han har det bra. Dette blir det godt kjøtt av!

​​

Vårt fokus er god dyrevelferd og eit godt griseliv. Dette gir svært god kvalitet på kjøttet vi leverer. Vi har eit antal griser som gjer at vi har full kontroll og god kontakt med dyra til ei kvar tid. Vi er stolte av arbeidet vi legg ned i garden og dyra, og kvalitetsproduktet vi leverer. 

​

Vi leverer Solskinnsgris til private, Syndinstøga, Tyinkrysset Fjellstue og DNT Fondsbu på Eidsbugarden, og er imponert over lokale bedrifter sitt engasjement for lokalmat. Grisene blir slakta via Nortura, og foredla av den lokale bedrifta Per Reboli AS på Leira, ei bedrift med stor kompetanse innan kjøttforedling. 

​

Vi leverer pakker på ca 8 kg og 15 kg kjøtt, vakuumpakka stykningsdeler med ribbe, koteletter, filet og mykje anna godt! Prisen er kr 230,- pr kg. Du kan også få kjøpe halv gris, stykningsdelt. Det er ca 40 kg, og då er prisen kr 210,- pr kg.
Kjøper du halv gris udelt, ca 45 kg, er prisen kr 200,- pr kg. 

Det er stor interesse for svinekjøttet vårt, og vi tek imot førehandsbestilling. For å sikre god dyrevelferd og god kontakt med og oversikt over dyra våre, vil vi ha om lag 40 griser. Vi stenger for bestilling når vi er oppe i det talet. 

bottom of page