Dei mest populære turane
og dei skjulte skattane

Favoritturen. Det kan vere så mangt.
Vi deler gjerne våre beste tips, så du får akkurat det du vil ha.
Og vi kan også ta deg med på tur til dei skjulte skattane, som ikkje er heilt enkle å finne sjølv.
topptur for
små føtter
Hallingsteinen er ein klar favoritt blant dei minste. Den gedigne steinen er synleg heile vegen, og kven er fyrst på toppen?
landemerket Grindafjell
Dette er eit eventyr av ein tur. Her får du alt: mjuke grassletter går over i bratte bakkar, og til slutt ei fantastisk utsikt! Fin familietur!
alpint og vilt
Rankonøse
Rankonøse er av dei mest alpine fjella sør for Jotunheimen.
Dette er ein krevjande tur, med bratt oppstiging, og storslått utsyn over den vakre Smådalen.
dei skjulte skattane
Kva med å besøke ein gamal gard langt inne i fjellet, der berre tuftene står att? Eller den sagnomsuste Hulabakksteinen, der ungane kan krype inn...
eventyrlege
Smådalen
Smådalen er ein lang dal med moreneavsetningar frå istida. Difor er delar av han freda. Du kan køyre gjennom heile dalen berre for å nyte utsikta, eller velge blant uttallege turar.
Kongevegen over Filefjell
Denne vakre vegen frå 1700-talet har fått både Vakre Vegers Pris og Europa Nostra Awards. Partiet mellom Vang og Lærdal er det mest spektakulære.
den populære
Jotunheimen
Mange reiser også til Jotunheimen før eller etter besøket hjå oss på Helin.
nærturen
Hugakøllin
Bur du på garden vår, er Hugakøllin ein perfekt tur, anten som dagstur med born, eller ein rask tur for vaksne.