Dette er oss

 

Vi, Eli og Eivind, er i slutten av trettiåra og bur på garden Sørre Ellingbø i Vang kommune i Valdres. På Ellingbø er vi tolvte generasjon i rett line.

 

Gutane våre, Olav og Andris, fødd i 2012, og er ivrige, små bønder. Dei elsker å vere med på alt som har med dyr, traktor, friluftsliv og støl å gjere. 

Garden er i full drift med gras- og mjølkeproduksjon. Sumarstid har vi også grisar.

Vi jobbar båe utanfor garden, og vi trivast godt med det. Vi er glade og stolte av å drive i landbruket. Det er meiningsfylt og godt arbeid. Dette ynskjer vi å vise til deg og la deg ta del i! 

 

Gjennom AirBnB har vi sidan 2017 hatt over 200 gjestar, og alle har vore svært godt nøgd. Hjå oss er du varmt velkommen. Det er stølen som er utgangspunktet for våre gjester. Men heime på garden har vi eit flott hus frå 1800-talet, som vi no set i stand til gjestehus. 

Ta kontakt med oss på post(at)ellingbogard.com eller nytt skjema nedanfor. 

Kontakt

Tel: +47 926 94 609   Email: post(at)ellingbogard.com

  • Black Facebook Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Instagram Icon

© 2018 Ellingbø Gard. Proudly created with Wix.com