top of page
Når alt rundt deg er enkelt,
kan du enkelt nyte alt rundt deg

 

Hadde vi på førehand forstått kor flott det er her,

hadde vi blitt lenger!

Dette seier gjestane våre til oss. Bilete kan aldri gje noko anna enn eit utsnitt. Opplevingane startar med kjenslene, når du er her. 

Du er velkommen til oss på stølen på Helin! På stølen er det godt å vere for liten og stor. Du får ei heilt eige ro og skuldrane senker seg, medan ungane blir ekstra kreative i leiken. 


Som gjest hjå oss får du delta på mjølking og fjøsstell om du vil. Våre kyr er godt vant til born og likar kos. Det å vere med på fjøsstellet er ei fantastisk oppleving! Å kome så nær dyr gjer noko med deg. Ei kyr er eit stort dyr, men ho er snill, og under mjølking står ho roleg og synes det er godt å få mjølka seg.

Den ferske mjølka er fantastisk god og rik på smak. Du kan nyte den til frukost og bruke den i matlaging. Både supper og sauser blir ekstra gode på stølsmjølk, og vår favoritt er bålvaflar….

Stølen er det flottaste vi har! 
Stølen vår er på fjellet, og består av eit sæl til oss (altså ei type hytte) og fjøs til dyra. Her er vi sumarstid for å nytte fjellbeitet. Slik blir jordene heime i bygda nytta til dyrking av gras, som blir til vintermat for dyra.

Støling betyr å vere på stølen med buskapen, for vår del altså med kyr og mjølke dei. Støling er ein tradisjon som er over tusen år gamal, og var tidlegare vanleg over heile landet. I dag blir det støla berre nokre få plassar. Difor er vi ekstra glade for å vere ein del av denne gamle tradisjonen - og få dele den med deg!

Dyra trivst også ekstra godt på stølen, det ser vi på mjølka, som blir svært god på fjellbeitet. Feittinnhaldet i mjølka aukar på grunn av det saftige fjellbeitet, som er rikt på urtar. Aller best er beitet fram til sist i juli, så det gjeld å kome seg på stølen så tidleg på sumaren som råd. 

IMG_8718 (2).JPG
IMG_8571.JPG
bottom of page