Grindafjellet/ Grindadn

Køyr til Helin og ta av til Smådalen, og på toppen av fjellet er det tydeleg kvar du skal parkere. 
Følg turmerka stig innover grasslettene, og etter kvart går det oppover. Når du kjem opp til reinsgjerdet, går resten av turen opp i stein og ur. På toppen får du nydeleg utsikt over Smådalen, Helin, Syndin, Vang og innover mot Jotuneheimen. 

For litt turvande folk tek det 1,5 til 2 timar opp, og det er ein fin tur også for ungar. Turen byrjar på ca 1200 moh og toppen av fjellet er 1724 moh.