top of page
SMÅDALEN

​

Store deler av Smådalen er freda på grunn av sitt særeigne morenelandskap. Morenelandskapet i Smådalen vart til under issmeltinga for om lag 9000 år sidan. Gjennom heile dalbotnen er det dødislandskap, med terasser og ryggar som er laga av lausmassar.

​

Fredinga er gjort for å ta vare på det særeigne og opne landskapet. Det er også eit naturhistorisk interessant område med viktige geologiske formar. Freda areal er på 32,4 km2, og strekkjer seg frå ca 1000 moh til opp mot 1900 moh.
I nedre del av dalen er det bra med elg, det er rype i heile dalen, og vår og haust trekker tamreinflokkar gjennom. Filefjell Reinlag nyttar Smådalen som kalvingsområde.  

​

Fjella Grindadn, Rankonøse og Ranastønge er populære turmål der ein kjem opp mot 1900 moh. Denne delen av Smådalen har karrig høgfjellsflora, medan  det lenger sør i dalen er frodigare.

Blåklokker.jpg
bottom of page