topptur for små føtter

hallingsteinen

Borna sin favoritt - og mange vaksne sin også

 

Ein liten biltur opp på Smådalsfjellet, og så kan turen starte. Heile vegen med målet i sikte. Steinen er stor, og er ein glad i å klatre, er den artig å klyve opp på. Turen tek ca 1,5 timar kvar veg for ein litt turvant 4-5 åring. Dette er ei stor flyttblokk som isen nok har lagt frå seg her for nokre tusen år sidan. Sagnet fortel at ein halling på veg til Vang kom ut i eit frykteleg uver, og fekk ein flokk med ulvar etter seg, men berga livet ved å klatre opp på steinen. Denne hendinga skal ha gjeve han namnet Hallingsteinen.

Ein fin tur, med rom for hopp og sprett, undring og meistringsglede. 

  • Black Facebook Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Instagram Icon

© 2018 Ellingbø Gard. Proudly created with Wix.com