top of page
dei skjulte skattane

Likar du best å gå dit dei færraste andre går? Eller kanskje synes du det er greit å ha med kjentmann på tur?

Då har vi eit par veldig fine turar å ta deg med på! Det er lette, fine turar, som også passar veldig bra for borna. 

​

Den eine turen går til Hulabakksteinen, der vi fortel sagnet om mannen Hulabakken. Ungane får krype inn i steinen, som Hulabakken gøymde seg i då han vart etterfulgt. 

 

Den andre turen går til vakre Vabakko, ein gamal gard langt inni fjellet. Tuftene står enno att og du får høyre om familien som budde her i mange år på slutten av 1800-talet.  Dette er ein lett, men likevel spennande tur, der vi kryssar elva Smådøla. 

​

Båe desse turane fører oss gjennom Smådalen, som i seg sjølv er verdt turen!

Vil du at vi skal ta deg med på tur, må det avtalast på førehand av opphaldet. Pris kr 900,- pr tur. 

bottom of page