top of page
Velkommen til å bU I 
VÅRE GARDSHUS FRÅ 1800-TALET

 

Vi har to gardshus frå 1800-talet: Olavstøga  på Ellingbø og Midtgardstøga på Midtre Tune. Båe er toetasjes tømmerhus frå 1840-åra. Du får god, gamaldags atmosfære i desse gamle, erverdige husa: alt er gjort i gamal stil! Her finn du lune fargar, vedkomfyr, heimesmidde spiker i veggen, tregolv, hekla gardiner og gamle ting. Men det er også alt du treng for eit lettvint opphald: oppvaskmaskin, komfyr, kaffetrakter, kjøleskåp, frysar, wifi, og bad med dusj og vaskemaskin. 

Olavstøga har hage og ein stor veranda med spiseplass, og Midtgardstøga har ein sjarmerande hage med spiseplass. Båe hus byr på utsikt over vatnet Vangsmjøsa og fjella rundt - her kan du finne roa!


 

Olavstøga: kr kr 1950,- pr natt for 3 personar, + kr 110,- pr person 4 og 5
reingjeringsgebyr kr 950,-

kjøkken, to stover, gang, bad og to soverom: 1 dobbeltseng, 1 dobbeltseng med enkeltseng inntil (passar for eit vaksent par, eller tre born), barneseng

Midtgardstøga: kr kr 2050,- pr natt for 3 personar, + kr 110,- pr person 4 og 5
reingjeringsgebyr kr 1300,-

kjøkken, to stover, gang, to bad, tre soverom: 2 dobbeltsenger, 2 enkeltsenger, barneseng

 

inkludert i prisen: sengetøy og handkle, babyseng, barnestol, ved, stearinlys, tennbrikketter, fyrstikker, såpe, glasshåndkle, oppvaskutstyr, dopapir, brettspel, kortstokk, yatzy, nokre barnebøker og leiker, pledd

du må ta med: klede tilpassa sesongen, alt du ynskjer å ete og drikke (litt kaffe, te, sukker, salt og pepper er i husa)


Bestill direkte til oss via e-post eller ring oss på 92694609. 
Vi svarer på e-post i løpet av ein dag, og ringer tilbake i løpet av dagen om vi ikkje svarer med det same. 


Om du vil sjå kva datoar som er ledig, følg desse lenkene til våre AirBnB-annonser og skroll litt ned på sida, då finn du kalender: Olavstøga og Midtgardstøga.
Du kan også bestille via AirBnB, då blir bestillinga registrert med det same, men AirBnB legg på gebyr. 


Husa våre ligg like ved Kongevegen over Filefjell. Vi er ein del av bedriftene som tilbyr overnatting langs denne populære og spektakulære vandrevegen. 

Vang i Valdres er ei perle for deg som er glad i natur og aktivitetar. Vinterstid kan du velje i kilometervis med skiløyper, alpinanlegg og toppturar. Sumarstid er det vandrevegar, fjellturar, sykkelvegar- og stigar. Året rundt er det ei rekkje aktivitetstilbydarar i området. Valdres byr også på eit variert og rikt kultur- og festivaltilbod.
Her finn du alt frå barnevenlege nærturar til krevjande toppturar.

 

Båe hus ligg med gangavstand til butikk, badstue, badeplass, aktivitetspark og bibliotek. Det er 2,5 km til kafe og bensinstasjon, 20 minutt til Tyinkrysset med serveringssteder og alpinbakker og under ein time til både Beitostølen og Fagernes. 

bottom of page